fredag 5. februar 2010

Rybakk øydela Fotball VM 2010 !

På grunn av Norges og Rybakken sin seier i Melodi Grand Prix i fjor,  går NRK-sjåarar glipp av årets fotball-VM som vert arrangert i Sør Afrika komande sommar. For oss som likar å sjå god fotball frå Tippekampstolen, er det heilt uforståeleg at statskanalen kan selje rettigheitane til dette fantastiske arrangementet til TV2 og Viasat.
At Rybakken drog i land seieren i sist MGP var ein OK prestasjon, og det var sikkert mange fotball-glade sjåarar som nikka og  tykte dette var bra greier. Men det var før ein visste at seieren skubba VM sendingane frå NRK ut i svarte natta......

Men det er vel kanskje ingen grunn til å fortvile. Fotballfolket finn alltid eit medium som kan dekke og tilfredsstille våre behov. Slik det no er planlagt, sender TV2 og Viasat omlag halvparten av VM 2010 kvar. Om dette vert betalingsfrie kanalar står att og sjå !

Om ein vèl å sjå VM på den eine eller andre kanalen, er uansett åpningskampen mellom Sør Afrika og Mexico fredag 11.juni 2010 kl. 16.00.

Her finn du OPPSETT PÅ ALLE VM-KAMPANE

Ingen kommentarer: