søndag 14. februar 2010

Kommuneparken "Ski In"

Etter at Torgeir`n hadde leika seg litt med snøskuteren, var det tid for ungane å innta "Kommuneparken skianlegg".  For midt i Naustdal sentrum ligg Komuneparken, eller Ica-plenen som nokon kallar den, med fine skiforhold for skileik og skitrening for ungar i alle aldrar. Sjølv om ein ikkje har skikkeleg spora løyper rundt parken, er det såpassa etter at Torgeir tok seg nokre turar rundt, at dei som brukar det har bra glede av det. Men for å få det enno litt bedre, skulle ein kanskje ha smiska litt meir med Torgeir`n, så hadde han muligens ordna med proffe skispor?


På lørdag var det reine påskeværet på "skiarenaèn", der både vaksne og ungar hadde møtt opp,  med og utan ski. Med ei god og varmande sol, nytrekt kaffi og ein Kvikk Lunsj på lur var det berre velstand.

Og det beste av alt er at ein slepp å sette seg i bilen, men berre spaserar ut altandøra til Naustdals mest sentrale skianlegg.

Ingen kommentarer: