tirsdag 9. februar 2010

Desse krev trappa tilbake !












Ein ihuga stadiongjeng krev gamletrappa opp til klubbhuset tilbake. Gjengen, som ynskjer å være annonyme, har starta si eiga støttegruppe for den gamle trappa som vart fjerna då stadion og tribuna vart oppgradert i 2008. Støttegruppa, som har fått det klingande namnet " Vi som ynskjer å få tilbake den gamle klubbhustrappa tilbake, for å ta vare på gamle tradisjonar og minne om den fantastiske grusbana på Naustdal stadion" seiast å rekruttere nye medlemmar dagleg.

Talsmann for gruppa, som berre vil kalle seg Ole Alexander Fillibombombom-bom, seier at medlemmane i støttegruppa ikkje vil vise seg på stadion før dei har fått innfridd kravet sitt. Dei truar i same åndedrag med at dei vil finne seg andre passande arenaèr, t.d. Hyen, om dei ikkje får det som dei vil.

Om dei vil få gjennomslag for krava sine, står enno att og sjå.

Både leiar og nestleiar var oppom stadion i haust for å legge planar for korleis ein kunne legge til rette for gruppa " Vi som ynskjer å få tilbake den gamle klubbhustrappa tilbake, for å ta vare på gamle tradisjonar og minne om den fantastiske grusbana på Naustdal stadion".
Som vi ser av bildet, har nestleiar til høgre teke med seg ein avbitartang ( held den sjult i si høgre hand ) i tilfelle støttegruppa " Vi som ynskjer å få tilbake den gamle klubbhustrappa tilbake, for å ta vare på gamle tradisjonar og minne om den fantastiske grusbana på Naustdal stadion" hadde lenka seg fast i vaffelbua.

Som sikkert folk flest skjønar utifrå det skrevne oppafor, er nok ikkje siste ordet sagt i denne saka, nei !

Ingen kommentarer: