søndag 31. januar 2010

Får alle være med ?

Kva skulle vi gjort utan foreldre som stiller som trenarar og oppmenn for dei mange laga i dei mange idrettsklubbane rundt om i landet? Berre i Tambarskjelvar har vi 10-12 lag som er avhengi av at foreldre stiller som "mini-Drilloar" kvar veke, og opptil fleire gonger i veka. Utan desse ville aktiviteten for fotballen vore på eit minimumsnivå, og er ein tanke som er vanskeleg å tenkje.


Mange av trenarane og oppmennene/lagleiarane tek på seg eit slikt verv for fleire år, nokre berre for ein kortare periode. Ikkje alltid er det like lett å finne rette folka til rett lag, men som oftast finn ein ei løysning på det. I ein slik situasjon er ein som foreldre takknemleg for at nokon tek på seg eit slikt verv, der ein bruker mykje av fritida si til noko som kanskje er utenkeleg for andre.



Og i ein slik situasjon lurer eg på om alle er trenarane er like nøytrale og ser alle spelarane/ungane med same auge, eller blir det fort at sonen/dottera til trenaren vert favorisert på trening og kamp ?

  • Får alle den skryten dei fortener utifrå deira eigen ferdigheit og innsats ?

  • Får alle speletid i kvar kamp ?

  • Er det ein eller to som berre får spele dei to siste minutta av kampen, fordi kampen allerede er avgjort ?

I barnefotballen, som er deffinert i alderen 6-12 år, er dei viktigaste faktorane tryggheit, trivsel, leik og moro. Dvs at trenarane skal legge til rette for desse tinga, og ha lite eller ingen fokus på resultat. Vanskeleg ? Ja, sikkert for nokre !


Ser ein på dei åtte reglane for Barnefotball, vil ein finne gode og greie retningslinjer for trenarane i denne aldersgruppa. Om ein som trenar tykkjer at ting funkar bra i gruppa med unge fotballspelarar, er det verd å ta ein kikk på desse greie reglane som ligg rundt om på sidene til mange av klubbane i landet. Desse eg fann er frå heimesida til Sogn og Fjordane Fotballkrets