torsdag 18. februar 2010

Tidenes eventyr ?

"Etter solnedgang kan vi derimot slaa ut haaret. Paa loerdag var det duka for Full Moon Party paa Kendwa Rocks, saa etter aa ha smakt paa litt blekksprut, chapati og lokal oel tok vi en 20-minutters gaatur langs sandstranda med maanen som lommelykt og boelgebrus som soundtrack. Vel framme venta det oss eit forrykande show med akrobatar, ild og slangar. Lure som vi var plasserte vi oss paa foerste rad, noke som endte med at Guro fekk en slange rundt halsen og Silje slukte ei ildkule med munnen. Etter showet fekk vi svingt oss til heftig listepop med afrobeat, og i motsetning til i Norge var det her mest berre guttar i dansesirklar. No homo? Det er i saa fall ikkje tillatt ..............."

Du har nettopp lese utdarg frå bloggen " Tidenes Eventyr", der vi kan fylje fire jenter som drog på tur kloden rundt i januar, og som etter planane kjem att til Norsk jord i juni ein gong. Ei av jentene er Naustdalsjenta Guro.
Du kan lesa meir om deira fantastiske tripp ut i verden og kikka på fleire bilder ved å fylje denne lenka: Tidenes eventyr !

søndag 14. februar 2010

Kommuneparken "Ski In"

Etter at Torgeir`n hadde leika seg litt med snøskuteren, var det tid for ungane å innta "Kommuneparken skianlegg".  For midt i Naustdal sentrum ligg Komuneparken, eller Ica-plenen som nokon kallar den, med fine skiforhold for skileik og skitrening for ungar i alle aldrar. Sjølv om ein ikkje har skikkeleg spora løyper rundt parken, er det såpassa etter at Torgeir tok seg nokre turar rundt, at dei som brukar det har bra glede av det. Men for å få det enno litt bedre, skulle ein kanskje ha smiska litt meir med Torgeir`n, så hadde han muligens ordna med proffe skispor?


På lørdag var det reine påskeværet på "skiarenaèn", der både vaksne og ungar hadde møtt opp,  med og utan ski. Med ei god og varmande sol, nytrekt kaffi og ein Kvikk Lunsj på lur var det berre velstand.

Og det beste av alt er at ein slepp å sette seg i bilen, men berre spaserar ut altandøra til Naustdals mest sentrale skianlegg.

tirsdag 9. februar 2010

Enkelt og godt......!


Blåbærshake

Milkshake med blåbær - nydelig på smak og full av antioksidanter. Forfriskende på ein varm sommerdag. (...og ein kald vinterdag ! )


Ingredienser (4 pers):

8 ss rørte blåbær

½ l vaniljeis (ca. 8 kuler)

4 dl melk

Fremgangsmåte:

Ha alle ingrediensene i en blender og kjør til milkshaken har fått ønsket konsistens.
Hell over i glass og server med en gang.

Desse krev trappa tilbake !












Ein ihuga stadiongjeng krev gamletrappa opp til klubbhuset tilbake. Gjengen, som ynskjer å være annonyme, har starta si eiga støttegruppe for den gamle trappa som vart fjerna då stadion og tribuna vart oppgradert i 2008. Støttegruppa, som har fått det klingande namnet " Vi som ynskjer å få tilbake den gamle klubbhustrappa tilbake, for å ta vare på gamle tradisjonar og minne om den fantastiske grusbana på Naustdal stadion" seiast å rekruttere nye medlemmar dagleg.

Talsmann for gruppa, som berre vil kalle seg Ole Alexander Fillibombombom-bom, seier at medlemmane i støttegruppa ikkje vil vise seg på stadion før dei har fått innfridd kravet sitt. Dei truar i same åndedrag med at dei vil finne seg andre passande arenaèr, t.d. Hyen, om dei ikkje får det som dei vil.

Om dei vil få gjennomslag for krava sine, står enno att og sjå.

Både leiar og nestleiar var oppom stadion i haust for å legge planar for korleis ein kunne legge til rette for gruppa " Vi som ynskjer å få tilbake den gamle klubbhustrappa tilbake, for å ta vare på gamle tradisjonar og minne om den fantastiske grusbana på Naustdal stadion".
Som vi ser av bildet, har nestleiar til høgre teke med seg ein avbitartang ( held den sjult i si høgre hand ) i tilfelle støttegruppa " Vi som ynskjer å få tilbake den gamle klubbhustrappa tilbake, for å ta vare på gamle tradisjonar og minne om den fantastiske grusbana på Naustdal stadion" hadde lenka seg fast i vaffelbua.

Som sikkert folk flest skjønar utifrå det skrevne oppafor, er nok ikkje siste ordet sagt i denne saka, nei !

Bruk hovudet !

Hugsar du VM-finalen i 2006, då Zinedine Zidane kom hovestups og måtte gå tidlegare i dusjen? Om du ikkje har sett det, kikk på klippet nedafor. Har du sett det før, kjem det ein reprise nedafor:

Zidane med hovudet fyrst:



fredag 5. februar 2010

Rybakk øydela Fotball VM 2010 !

På grunn av Norges og Rybakken sin seier i Melodi Grand Prix i fjor,  går NRK-sjåarar glipp av årets fotball-VM som vert arrangert i Sør Afrika komande sommar. For oss som likar å sjå god fotball frå Tippekampstolen, er det heilt uforståeleg at statskanalen kan selje rettigheitane til dette fantastiske arrangementet til TV2 og Viasat.
At Rybakken drog i land seieren i sist MGP var ein OK prestasjon, og det var sikkert mange fotball-glade sjåarar som nikka og  tykte dette var bra greier. Men det var før ein visste at seieren skubba VM sendingane frå NRK ut i svarte natta......

Men det er vel kanskje ingen grunn til å fortvile. Fotballfolket finn alltid eit medium som kan dekke og tilfredsstille våre behov. Slik det no er planlagt, sender TV2 og Viasat omlag halvparten av VM 2010 kvar. Om dette vert betalingsfrie kanalar står att og sjå !

Om ein vèl å sjå VM på den eine eller andre kanalen, er uansett åpningskampen mellom Sør Afrika og Mexico fredag 11.juni 2010 kl. 16.00.

Her finn du OPPSETT PÅ ALLE VM-KAMPANE

Pondus

Dårleg humør ? Les nokre striper med Pondus.....!


Meir om Pondus finn du her: pondus.no

torsdag 4. februar 2010

Ein eim av sure joggesko !


- Vond lukt i skoa kjem jo ofte når ein svettar. Det som skjer er at det danna seg nedbrytningsprodukt når vatnet og sveitten reagerer med bakteriene på huden, som so begynner å lukte, forklarer Anders Stensønes fra Apotek1.

- For å forebygge lukten, kan ein derfor gjere eit par grep for å redusere sveitten på føtene, legg han til.

Bruk såpe og vann



Det er ikkje spesiellt overraskande at det aller viktigaste ein kan gjere for å holde skoa sine friske er å vaske føtene sine dagleg, og hugse på å tørke dei godt.
Å bytte sokka ofte er òg smart.
- Bruk sokka av bomull eller ull, styr unna syntetisk materiale.
Det kan òg væra lurt å unngå tette sko, og ikkje bruke dei same skoa til alt mulig, men heller veksle mellom fleire par.

Ta i bruk ukonvesjonelle metodar

Er alt håp ute - har skoa surna til for godt? Som et siste forsøk - når du alikevel ikkje har noke å tape - sjekk ut dette:

•Putt skoa oppi ei bøtte med kokande varmt og sterkt grønnsåpevatn, og la dei ligge der til alle bakteriane forhåpentligvis er kverka.

•La dei fyrst få ein runde i vaskemaskina, så i oppvaskmaskina, men ikkje gløym miljøet - er skoa verkeleg verdt to maskinrunder?

•Legg skoa i frysaren nokre dagar og håp at bassiluskane daua.

•Gå til angrep med klorin eller salmiakk - det verste som kan skje er at skoa etser opp.
 
BOSSET NESTE......... !!!

onsdag 3. februar 2010

Ny draktreklame ?

Dale har Pondus på ryggen...Tambar har............Budeia på magen ?!